Det trengst meir fokus på likestilling i åra framover. Eg håpar at neste generasjon jenter og gutar som veks opp skal få like moglegheiter. At folk ikkje skal bli trakassert fordi dei er den dei er. At dei skal få moglegheit til å utdanne seg til det dei vil.

Arbeidarpartiet sin likestillingskamp handlar om å løfte alle. Eg meiner det er trist når debatten om menn sine utfordringar blir framstilt som at dei er der på grunn av likestillingskampen for kvinner. Det er det ikkje.

For menn har utfordringar. Innan utdanning, arbeidsliv, familiedanning og helse. Færre menn enn kvinner fullfører vidaregåande opplæring, gutar er overrepresentert når det gjeld låge karakterar i skulen, og underrepresenterte når det gjeld gode karakterar. Over dobbelt så mange menn som kvinner tek sitt eige liv årleg. Det er ofte menn som mistar kontakt med barna sine etter samlivsbrot. Menn jobbar ofte i bransjar der dei er i fare for å mista jobben i nedgangstider, og utsetjast oftare for kriminalitet.

Dette er utfordringar andre parti har vore betre på å snakke om enn å faktisk gjere noko med.

Derfor var det ein milepæl i likestillingsarbeidet då regjeringa sette ned Mannsutvalet som no har levert sin rapport. Den gjer oss oversikta over kva likestillingsutfordringar gutar og menn møter gjennom livsløpet og kommer med tiltak som vil bidra til eit endå meir likestilt samfunn. Eg er veldig spent og trur vi skal få gode debattar om innhaldet dei kommande vekene.

No er vi på rett veg mot eit meir likestilt samfunn og vil ta grep for at alle menn skal kunne leve gode liv.

Åse Kristin Ask Bakke

Likestillingspolitisk talsperson i Arbeiderpartiet