Fylkesrådet i Nordland har gitt selskapet Marine Harvest løyve til å drive lakseoppdrett ved Rørskjeran i Vega, midt i eit verdsarvområde. Eit oppdrettsanlegg her vil utgjere eit trugsmål mot naturen og politikarane er nødt til å snu.

Oppdrett i opne merder medfører stor påverknad på miljøet. Anlegget vil sleppe ut avfall frå fôr og fiskeavføring. Denne forureininga er og ei sløsing med viktige ressursar som kunne vore samla opp og brukt dersom anlegget hadde vore lukka. Det er og påvist at det kjem mikroplast og koparforureining frå oppdrettsanlegg.

Hundretusenar av oppdrettslaks gir dessutan perfekte forhold for oppbloming av lakselus og andre sjukdommar. Saman med ein betydeleg risiko for rømming utgjer oppdrett ein fare for vill fisk. Før det i det heile tatt er aktuelt med fleire oppdrettsanlegg med kysten vår så må oppdrettsnæringa løyse miljøproblema den har i dag, og få produksjonen inn i lukka anlegg.

Plasseringa av dette oppdrettsanlegget kunne heller ikkje vore på ein dårlegare plass. Det er kloss inntil fleire naturreservat, landskapsvernområde og verneområde for fugl. Vega er eit svært viktig hekkeområde for ærfugl, og den unike kultur- og naturarven i området er årsaka til at Vegaøyan er plassert på FNs prestisjefylte liste over verdsarvområde.

I haust skal det kome ei utgreiing for korleis oppdrett kan påverke ærfuglen og verdsarvområdet. Det er heilt uforståeleg kvifor fylkesrådet ikkje eingong ønskte å vente på denne rapporten før dei ga grønt lys til eit stort inngrep i eit verdifullt område. Skal ein ta vare på verdsarven på Vegaøyane må ein bruke kunnskap.

Fylkesrådet meiner at avgjerda deira ikkje er så alvorleg sidan løyvet til oppdrett er gitt for fem år, ikkje på permanent basis. Det er på ingen måte formildande. Eit ope oppdrettsanlegg med hundretusenvis av laks, og all sjukdommen og avføringa dette fører til, er eit svært inngrep i naturen og kan gjere stor skade sjølv om det «berre» er for fem år. Fylkesrådet må ikkje lure seg sjølv: Får Marine Harvest først starta vil det truleg og bli vanskeleg å snu vedtaket i framtida når dei har investert og starta produksjon.

Oppdrett ved Rørskjæran kan gi store skader på naturen, og politikarane er nødt til å snu. Natur og Ungdom krev at ein set kunnskap over profittjag, og ikkje skuslar bort verdiane i verdsarvområda på Vegaøyan. Dette er arvesølvet vårt og lar ein oppdrettsnæringa ture uhemma fram vil det i framtida ikkje vere noko der å ta vare på.

Gaute Eiterjord

Leiar i Natur og Ungdom