Samordna opptak til lærarutdanning våren 2023, viser at det ikkje berre er distriktsutdanningane som slit med å rekruttere studentar. Nedgang i søkinga har nådd dei store lærarutdanningsinstitusjonane som NTNU og OsloMet. Heller ikkje for Bodø er det nok lenger å vere stor. Tala viser tydeleg at søkinga til Nesna er større på lærarutdanningane enn søkinga i Bodø på dei same utdanningane. Nesna har om lag like mange søkarar på lærarutdanningane som det er plassar (98 førsteval til 95 plassar), medan Bodø har 45 førsteval til 85 plassar, altså om lag halvparten av talet på plassar innan lærarutdanning.

Då er det von om at vi kan få ein diskusjon som ikkje berre rakkar ned på utdanning i distrikta, men som fokuserer på det som er viktig, på innhaldet i lærarutdanningane, på utfordringane i skolen og på arbeidssituasjonen for lærarane.

Søkinga til lærarutdanningane har alltid svinga i tråd med samfunnsutviklinga. Då eg starta som lærarutdannar ved Høgskolen i Nesna i 1986, gjekk søkinga ned. Berre 26 studentar starta på lærarutdanning ved Høgskolen i Nesna i 1986. På åttitalet var det jappetid, alle ville bli rike, og då søkte studentane seg til økonomi, til administrasjon og leiing og liknande, ikkje ulikt slik situasjonen er i dag. Men på nittitalet snudde det og på det meste var det to og tre parallelle klassar på kvart trinn ved Høgskolen i Nesna.

- Den store nedgangen i søkinga til lærarutdanningane bør uroe alle som er oppteken av ein god skole, seier statsråd Ola Borten Moe. Det må vi kunne gje han rett i.

Då er det viktig at vi brettar opp armane og intensiverer framsnakkinga av læraryrket. Rekrutteringa til oppstart av lærarutdanningane til hausten, er ikkje avslutta med samordna opptak. Lærarutdannarane ved campus Nesna har gjort ein imponerande innsats med å få den beste attest frå studentane sine, jamfør den nasjonale undersøkinga om kor tilfredse studentane er med utdanninga si. Planane om ein utdanningspilot for lærarutdanning, med fokus som er vinkla opp mot praksisfeltet og utfordringane i skolekvardagen, kan vise seg å bli eit viktig tiltak til rett tid.

Sjølv om vi skulle ha ønska fleire søkarar til lærarutdanningane, er det viktig at vi gir applaus til dei som faktisk søker, slik at vi framsnakkar læraryrket og dei som i praksis tek ansvar for den gode skolen!

Arna Meisfjord

Lærarutdanningsaktivist