Valkampen er i gang. I september er det kommuneval. Mange av kandidatane til dei nye kommunestyra står no ofte på stand og fortel kva saker og synsmåtar dei stå for.

Kommunestyra har mange oppgåver. Mellom anna har dei ansvar for alkoholpolitikken i kommunane. Det er no tid for å spørre politikarane kva syn dei har på lokal alkoholpolitikk. Dersom kommunen ikkje har, bør den få ein konkret edruskapspolitisk plan.

Folkehelselova gjev kommunane ansvar for å fremje folkehelsa, førebyggje sjukdom og utjamne sosiale helseskilnader. Eit av dei mest effektive og økonomisk lønsame verkemidla kommunane har for å fremje folkehelsa, er alkoholpolitikken. Kommunane avgjer kven som skal få selje og skjenke alkohol, når det skal skje og kva krav som skal settast for å få løyve. Dessutan er det kommunane som skal kontrollere at alkohollova vert følgt.

Mange stadar er det lett for ruspåverka personar å få servert alkohol. Alkoholsal og skjenking til mindreårige går føre seg i stort omfang. Betre kontroll av butikkar og skjenkestadar og reduserte skjenketider er effektive verkemiddel for å redusere utelivsvald og ungdomsfyll.

Meir enn halvparten av alkoholskadane råkar andre enn brukaren sjølv. Det kan vere vald, trafikkulykker, fosterskader, trusler, sjikane, ordensuro og fysiske og psykiske skadar på pårørande og andre. Ein god alkoholpolitikk må ta sikte på å redusere konsekvensane av skadar på på den tredje part.

Det er og viktig at det er alkoholfrie arenaer både for barn og vaksne. Dette er kommunalt ansvar. Mange stadar har fleire ulike aktørar, som bibliotek, kino, campingplassar og idrettsarrangement fått skjenkeløyve. Dette er ei uheldig utvikling. Det er viktig at barn og unge skal kunne delta på kultur- og idrettsarrangement utan at det er alkohol der. Alle kommunale arrangement bør vere alkoholfrie.

For IOGT Region Midt-Norge

Per-Arne Lillebø, regionleiar

John Almendingen, skrivar

IOGT Region Midt-Norge omfatter Helgeland, Trøndelag og Møre og Romsdal