Å stå på sokkel

Even Borch skriver om Georg Sverdrup-statuen ved prestegården.  Foto: Simon Aldra

Ingen av alle dei som står på sokkel rundt om kring, var perfekte menneske

Even Borch 

Debatt

Diskusjonen om ny bauta for Petter Dass handlar om fleire ting. Eg er lite opptatt av om nokon vil bruke pengar på eit monument ute i havgapet. Ein bruker pengar på så mangt i dag. Litt meir opptatt er eg av at vi skal vurdere historiske personar utifrå deira samtid og ikkje etter våre ideal. Og det å romantisere dei førkristne religionane til samar og nordmenn, slik Berg-Hansen gjer, det hadde fortjent ein eigen debatt. Det som aller mest engasjerer meg, er spørsmålet om kven som er "verdig" til å stå på sokkel.

På plenen framfor Brønnøy prestegård, der eg budde i 18 år, står eidsvoldsmannen Georg Sverdrup på sokkel. Som dei fleste veit, budde han i prestegården i sin ungdom hos onkelen, presten Jens Hersleb. Der fekk han undervisning før han reiste til universitetet i København og enda lengre ut i verda for å tileigne seg kunnskap. Han var ein av arkitektane bak den norske grunnlova og var sterkt inspirert av opplysningstida sine ideal og ikkje minst den franske konstitusjonen. Det som har vore mindre kjent, er at han også var ein av hovedmennene bak den såkalla jødeparagrafen. Jødane var nekta tilgang til riket. Og han argumenterte ut frå den type nasjonalisme som var opplysningstida sitt barn. Det viktigaste av alt var den nasjonale identiteten, og den stolte han ikkje på at jødane ville ha. På den måten var han en viktig premissleverandør for den haldninga til jødane som var rådande også i Norge, og som bidro til at Holocaust kunne oppstå.

Burde Sverdrup aldri stått på sokkel i Brønnøysund? Jo, det er heilt greit, tenker eg. Han var med og la grunnlaget for eit samfunn som i dag er eit av dei beste i verda å leve i. Sverdrup kan godt stå der og minne oss om demokratiet og dei verdiane som har gjort landet vårt til det det er. Men han var ikkje perfekt. Og sjølv om han ikkje kunne sjå for seg den sjebna som jødane fekk under andre verdskrigen, så hadde haldninga og argumenta hans stor negativ effekt. Om Petter Dass sine haldningar som vi i dag er kritiske til, har hatt like stor negativ virkning, det tviler eg på. Det kan i alle fall diskuterast.

Ingen av alle dei som står på sokkel rundt om kring, var perfekte menneske. Vi må kunne løfte fram personar som har bidratt på ein spesiell måte i samfunnet, utan at vi skal evaluere heile livet deira. Da er det betre å la det som ikkje passar så godt inn i vår måte å tenke på, utfordre oss til å spørre: Kva er det i vår moderne, liberale tenkemåte som om to-tre hundre år kan ta seg dårleg ut? Spørsmålet kan vere nyttig sjølv om vi ikkje drøymer om å komme på sokkel.

Even Borch



 

 

 

 

Petter Dass skal settes på et skjær

En ti meter høy skulptur av Petter Dass, inspirert av utkastet laget av Gustav Vigeland, er i ferd med bli virkelighet.