Debatt

Alt blir bra!

Prest Even Borch sier han våger seg på et forsiktig "alt blir bra", med henvisning til koronapandemien. På bildet viser han frem nyss døpte Levi Schanche mens mamma Monica Schanche (t.v.) ser på fra en høytidsgudstjeneste påsken 2018.  Foto: Simon Aldra

For den som helst vil at alt skal bli bra på den måten at pandemiar og sjukdom og stengte ølkranar skal bli borte og alt bli som før, så er kanskje ikkje fortellinga om Jesus så veldig oppmuntrande

Debatt

Da pandemien kom over oss for rundt eit år sia, var det mange som hengte opp plakatar med "Alt blir bra". Optimismen var stor. No begynner det å tære på framtidstrua. Vi ser ikkje slutten, og vi er usikre på framtida. Med dette bakteppet skal vi feire påske. Og den bibelske påskefortellinga handlar på ein måte om alt som går galt. Det som skjedde med Jesus liknar på det som George Floyd vart utsett for. "I cant breathe!" var dei siste orda til den svarte amerikanaren som døyde etter politivald. Jesus døydde også fordi han ikkje klarte å puste. Når ein heng lenge etter armane slik han gjorde på korset, så klarer ikkje lungane å bevege seg. Det er ein langsom, men sikker død.

I to tusen år har vi markert denne politivalden eller soldatvalden som skjedde i ein by i Midtausten. Bibelen påstår at mannen som vart drept, var sendt frå Gud, ja at han var Gud. For den som helst vil at alt skal bli bra på den måten at pandemiar og sjukdom og stengte ølkranar skal bli borte og alt bli som før, så er kanskje ikkje fortellinga om Jesus så veldig oppmuntrande. Han hang der på korset og sloss for å trekke pusten. Og ingen intensivsjukepleiar sto klar for å gje lindring og hjelp. Alt han fekk var litt eddik på ein svamp.

Påskedagen da Jesus overvant døden, er sjølvsagt eit slags bibelsk "Alt blir bra". Men han gjorde jo ikkje slutt på sjukdom og pandemiar og krig og alt det som ondt er. Framleis er det tusenvis av uskuldige menneske som må lide rundt om i verda. George Floyd er berre ein av dei mange som ikkje kan puste lengre.

Påskefortellinga får si djupaste meining dersom vi ser at livet vårt i dag berre er ein liten bit av det store livet som strekker seg utover i både tid og rom. Det strekker seg til og med over den grensa som døden er. Det strekker seg dit kor det ikkje betyr noko om vi ikkje kan puste. Det store livet som Bibelen også kallar "Himmelriket", har ikkje rom for vald eller krig eller sjukdom. Det har berre rom for tilgjeving og for kjærleik. Derfor kan vi, midt i pandemien, våge oss på eit forsiktig: "Alt blir bra!".

Even Borch