Leikegrind?

Steinar Hansen 

Debatt

Sjølv om intensjonane til Driftsutvalg 2 i Brønnøy sikkert er gode med vedtaket som nyleg vart gjort om Tosenvegen, blir eg likevel mildt sagt forundra over at dette kjem no.

På eit tynnast mogleg grunnlag blir det her konkludert med at ei vidare opprustning av Tosenvegen skal vere basert på ein tunnel, med ukjent lengd mellom Hommelstø og Tosbotnet.

Eit kart, linjal og fromme ønske ser ut til å vere grunnlag for denne beslutninga.

Det er mange som vil ha av Nordland fylke sine pengar til vegføremål, og eg trur at prosjektet som Driftsutvalg 2 no går innfor, blir veldig lett å plassere langt bakom køen av gode tiltak som skal få av denne potten.

Det verste er jo at det no kan bli null kroner i overskueleg framtid til opprustning av strekninga Lande  - Hommelstø, med henvisning til at Brønnøy ikkje prioriterer denne vegen.

Realismen til ein påtenkt ny Tosentunnel blir vel ikkje akkurat betre av at det nyleg er bygd ein over 3 km lang tunnel gjennom Målvikhammaren, der det tidlegare var stor rasfare. Resten av strekninga langs Tosenfjorden har også i nyare tid vorte utbetra og rassikra.

Dette er store investeringar som ikkje utan vidare vil bli bokført som bortkasta pengar av dei som driv med forvaltning av vår felles kapital.

Den bedrøvelege vegen mellom Hommelstø og Lande, vart ferdig i 1915 - og har enno stort sett dei same svingane som vart planlagt for over 100 år sia. Her er det også potensiale for å spare inn reisetid - dersom vi får til ei skikkeleg opprustning.

Då den første Tosentunnelen vart bygd, gjekk det 50 år med ventetid på at Sør-Helgeland skulle bli "landfast". Etter dette har det hittil gått 35 år i venting på at den eldste delen av Tosenveien skulle fått ein akseptabel standard.

Derfor er dette ikkje tida for å lansere luftige draumar om å bygge ein ny veg/tunnel.

Dette vil berre bli brukt for å flytte tiltenkte vegmidlar herifrå.

Steinar Hansen



Vil ta opp tidevannstrøbbel, flyruter og ferjekapasitet i sesong med fylket

Nordland fylkeskommune har invitert kommunene i fylket til dialogmøter om samferdsel. Brønnøy representeres av næringssjef Johnny Nielsen Hanssen, og han har mye han vil ta opp.

 

Mener Brønnøy bør satse alt på Tosenveien

Magne Saltnes mener Brønnøy må lage en plan for å få kortet ned Tosenveien med tunnel, og så satse alt på å få dette igjennom til Nasjonal transportplan.

 

– Det overrasker meg at vi ikke har kommet lenger med Tosenveien

Magne Saltnes mener det er viktig å tenke stort og foreslår en ny trase som kan gi 1,5 mil kortere vei mellom kysten og E6.

 

Fylket trekker tilbake 20 millioner til Tosenveien

Nordland fylkeskommune trekker 20 av de lovede 90 millionene til vedlikehold av Tosenveien.