I år blir det 77 år sidan dei to første elgane vart felt i Lomsdalen under lovleg og organisert jakt. Då hadde elgen vore borte frå Velfjord-Tosenområdet i mange hundre år på grunn av tidlegare intens jakt og fangst og store rovdyr. Det var eit jaktlag med karar frå Strompdalen, Børjeøyr’n og Seterlandet som skaffa seg ei stri tørn med kjøttbæring i dårleg ver for å få fram denne uventa rikdomen.

Ein ny elgstamme på Sør-Helgeland etablerte seg først på austsida av Velfjorden, men det vart vel ikkje kvart år at ein fekk tunge bører med seg heim denne første tida. Samanlikna med i dag var jakta heller ikkje så veldig effektiv då den nye tradisjonen med elgjaktlag så smått kom i gang. Det fantes ingen gode elghundar, radiosamband og peileutstyr var ukjende greier. Ein del våpen var av nokså laber kvalitet, og det tek litt tid og bli kjent med terreng og elgen sine «utvegar». Mot slutten av 1960-talet vart det også starta opp jakt i Vassbygda og øvre Velfjord, men likevel hadde mesteparten av elgen lite føling med jaktpress og bestandsregulering. Mindre utmarksbeiting av husdyr og store areal med snauhogstar som gav godt beite utover på 1960-, 1970- og 1980-talet var «skreddarsydd» for ein rask veksande elgbestand. Dei som fór på elgjakt då - hadde gode tider.

Elgforvaltninga frå det offentlege vart etter kvart nokså detaljert med godkjenning av minsteareal, spesifisert kvote og kjønn og alder, bestand og avskytingsplanar, beiteregistreringar og meir effektiv organisering av vald og jaktområde. Jaktperioden vart etter kvart forlenga heilt fram til jul. Fellingstala for Sør-Helgeland auka då frå 10-15 dyr rundt 1970 til fleire hundre på 1990-talet.

Dei siste 20 åra har nok elgbestanden minka og fellingskvotane har vorte langt høgare enn tilveksten i elgstammen. Jakta har no fått total påverknad for størrelse og samansetning av elgbestanden. Det har også etter kvart vorte «umogleg» å fylle fellingskvotane. Ettersom mange trur at ein vedvarande høg fellingskvote er eit slags krav og ei gåve frå «høgare makter», blir det no tilrådd å skyte mest mogleg kalv for å halde fellingstala oppe. – Å ikkje greie kvoten sin skal liksom vere ei skam. For dei som kjøper eller leiger ut elgjakt med alt for høge kvotar, blir dette ofte årsak til misnøye og konflikt. Ein vedvarande stabil elgbestand er det ikkje alltid grunnlag for ettersom beitesituasjonen vil variere over tid – (skogbruksforhold).

Å ha ein realistisk fellingskvote innafor eit naturleg leveområde for elgstammen vil vere fornuftig dersom målet og vilkåra er til stades for å auke denne bestanden. Kvotane må då vere mindre enn tilveksten av elg. Dette vil gje ei rettferdig fordeling av jaktutbytte og økonomi for grunneigarane. Når bestanden blir stor nok for å utnytte beitegrunnlaget kan ein godt kutte ut kvotetildeling, men halde på ei streng fordeling av felte dyr, slik at det ikkje blir tatt ut for mykje store oksar eller kyr og kalvar. Dette vil gje ein produktiv elgbestand og stimulere til å forvalte skogen med tanke på best mogleg variasjon og beitegrunnlag.

Dei siste 40-50 åra har «kvaliteten» (størrelsen på kalvar og ungdyr) vorte dårlegare enn i tidlegare tider. Overbeiting er den offisielle forklaringa på dette fenomenet, men eg trur andre ting har større betydning:

  1. Jakt i heile brunsttida fører til at store oksar blir skotne når dei skal «gjere jobben sin». Dette gjev ombrunst og anna ugreie slik at mange elgkalvar ikkje blir født før langt utpå sommaren. Mange elgkyr blir også gåande utan kalv.

  2. Jakt med overivrige laushundar i tre månader før jul gjev stress og uro og er uheldig for dyr som skal beite og bu seg på vinteren.

Eg er heller ikkje glad for at kalveskyting no blir føreskreve som eit universalmiddel i elgforvaltninga. Med høge fellingskvotar fører dette ofte til at produktive kyr blir skotne når dei ikkje lenger har kalv med seg. Kalveskyting er heller ikkje humant på grunn av at alle dyr (og menneske) med få avkom er utstyrt med sterke kjensler for å ta vare på kalvane/ungane. Denne praksisen gjev «unødig lidelse» og er i strid med jaktloven.

Elgjakt blir utriveleg heretter.

Velfjord, 8. mai 2024

Steinar Hansen