Eg er omreisande torgselgar - reiser rundt og sel diverse kle frå ein lastebil.

27. august: Sto på torget i Brønnøysund. Eit engelsktalande turistpar kom - han fraus, og såg eg hadde noko han kjende att som ein typisk norsk genser. Varme og god souvernir i eit.

Vi kom litt i prat - torget i Brønnøysund ligg ikkje altfor godt til, så eg hadde bra tid. Vi prata litt om den imponerande naturen i Noreg, og eg nemnde Torghatten og det naturlege holet tvers igjenom - så langt eg veit det einaste slike i verda. Det var ukjend (!) for dei, og dei var litt skeptiske. Men i og med ein lokalbuar (!) anbefalte turen og synte på kartet at det ikkje var langt og ikkje ferge, kunne dei sjå utom.

13. september: Turistane på heimveg langs E6. I det dei passerar Åsen i Trøndelag kjenner dei att bilen og utstillinga mi. Dei snur, køyrer tilbake og ned til der eg står ved Coop - og takkar meg stort for at eg fortalde om fjellet: Av det mest spesielle dei nokon gong hadde sett! - pen natur var det og. Og dei synte meg dei hadde teke ein lang serie foto (+ av mannen poserande i islender).

Er det nokon i turistetaten i Brønnøysund som ikkje gjer jobben sin - ikkje passar på at alle turistane får elementær informasjon?

Helsing

Martin A. Engeset

Ørsta