Kunstige juletre tar over for ekte. Slik er det i Norge i år. Og det finst ein del gode praktiske grunnar for det. Dersom juletreet først og fremst er ein dekorasjon som skal skape den rette stemninga, så er det sjølvsagt enklare med eit tyre som ikkje ryr etter ei tre dagar I huset, og som ser heilt regelmessig og perfekt ut.

Men juletreet er tradisjonelt noko mykje meir enn ein dekorasjon. Det er eit symbol. Eit symbol på sjølve livet. Vi veit alle korleis eit tre blir til. Det startar med eit frø. Stammen og greinene strekker seg opp mot lyset, og røttene nedover og innover i jorda. Vi ser det som er over jorda, men røttene er minst like viktige. Det er dei som tar opp næring og som held treet på plass.

Det ekte treet er eit symbol på menneskelivet. Det vi ser er ikkje alt. Kanskje ikkje det viktigaste ein gong. Røttene er historia, tradisjonane, fellesskapet. Det er det som pregar oss og gjer oss til dei vi er. Vi kan, som det kunstige juletreet, vere ein fin dekorasjon. Ja, vi kan sjå vakker og nesten perfekt ut. Men den dagen det bles og stormar, da spørs det om vi har røtter. Røtter som held oss fast i jordsmonnet. I det fellesskapet og den kulturen som vi lever i.

Tradisjonen med å ta inn eit bartre til jul er ein fin tradisjon. Bartreet er grønt også midt i vinter og mørketid. Slik uttrykker det ein slags protest mot at frost og mørke skal prege livet vårt sjølv om det er kaldt og mørkt rundt oss. Og det gjev oss eit lite hint om at menneskelivet har ein evig verdi. I år er det ikkje minst viktig å vere med på denne demonstrasjonen. Det bles rundt oss på mange måtar. Da hjelper det lite å pynte seg. Vi må stå støtt om vi skal få gjort noko. Vi har alle saman røtter. Nokre røtter går tilbake til dei åra vi levde under okkupasjon og lengta etter fred. Andre røtter går tilbake til ei tid der kampen for det daglege brød var hard. Og mange av oss har kontakt med røtter som går heilt tilbake til eit lite barn som vart fødd i ein stall for lenge, lenge sia. Dei røttene gjev ikkje berre næring til dei regelmessige og perfekte, men mest til dei som slit med å halde seg oppreist i stormen. Det er derfor røtter er så viktige.

Even Borch

Even Borch Foto: Nicolai Szewczyk