Heller ikkje i år får vi feire jul på den måten vi er vant med. Maskene vi går rundt med blir eit synleg tegn på den tida vi lever i. Vi må skjerme oss for dei andre, og vi må skjerme dei andre for oss. Det er gode grunnar for at vi må leve slik, men vi er mange som kjenner at det tar på å heile tida halde avstand. For innerst inne lengtar dei fleste av oss etter å vere nær andre og kunne ha fellesskap.

Det har slått meg kor viktig eit ansikt er når vi møter eit anna menneske. Ansiktet er viktig når vi skal bli kjent, og ansiktet er viktig når vi skal kjenne igjen folk. Derfor blir det så rart når alle går rundt med ansiktsmasker. Det som heldigvis hjelper oss, er stemmen og andre ytre kjennetegn.

Jula er ei spesiell tid. Enten ein er opptatt av det kristne innhaldet i høgtida eller ikkje, så er det ei tid der ein "kler av seg" kvardagskleda og opnar opp for draumar og følelsar. Og ein draum som eg trur alle delar, er å vere i eit fellesskap. Ha nokon som ein kan vere glad i, og som er glad for at nettopp eg er til.

Kanskje er det denne draumen som gjer at eg fort blir sliten av den kommersielle sida av julefeiringa vår. God julhandel og stor aktivitet i utelivsbransjen er viktig for at samfunnet skal gå rundt, men det kan også bli som ei fargerik ansiktsmaske. Den er nyttig. Ja kanskje til og med nødvendig. Men når den får all oppmerksomhet, så kan den også hindre oss i å sjå det som er bak jula si maske, nemlig det ekte ansiktet.

Jula har eit ansikt. Barnet som vart født i ein fjøs i Bethlehem, fortel oss at mennesket må ikkje vere sterkt, friskt og usårbart for å ha eit meiningsfullt liv. Tvert imot er det dei sterke og usårbare som oftast gjer mest skade. Det er dei som startar krig. Det er dei som legg lista så høgt for å bli akseptert at mange slit seg ut og mistar livsgnisten. Det er dei sterke som tar på seg dei mest imponerande maskene til jul. Barnet derimot, nektar å bruke maske. Barnet smiler, ler, gråter, syng og klappar i hender. Barnet er ansiktet som tiltrekker seg andre ansikt og som automatisk skaper fellesskap. Barnet sitt ansikt er også jula sitt ansikt. Nakent og sårbart, men med ein heilt spesiell styrke.

Ein gong skal alle masker bort. Eg håpar det  blir snart. Men om det dreg ut, så må vi aldri gløyme dei ekte ansikta. Det er dei som skaper sann glede og fellesskap. Og jula sitt ansikt var meint å skulle speile alle som lengtar etter å kaste maskene.

Even Borch