Norges Mållag har sendt ut pressemelding - naturligvis på nynorsk:

Noregs største ferjekonsern Fjord1 er tildelt Nynorsk næringslivspris frå Noregs Mållag.

- Fjord1 har gjennom mange år vore ein medviten nynorskbrukar. Dette kan ein som reisande merke sjølv i små detaljar som billettar, nettsider og meldingar frå selskapet. I ein bransje der bokmålet dominerer, veit vi at det perfekte ikkje alltid er oppnåeleg, men Fjord1 viser det vi vil kalle vilje til språk, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då prisen vart delt på ei tilskiping i Oslo.

Hjeltnes i juryen

Med seg i juryen har han Arne Hjeltnes som også var med på prisutdelinga.

- Det er utruleg viktig å lese nynorsk på veg til jobb og skule. Samstundes er Fjord1 i ei eiga klasse. Føretaket er no blitt børsnotert, og det syner at nynorsk ikkje berre høyrer heime i lokale verksemder, seier Arne Hjeltnes.

Det var Cicilie Færestrand og Hilde Anita Røyrvik frå Fjord1 som tok mot prisen.

- Vi vart veldig overraska over prisen, og sjølvsagt veldig glade. Nynorsk er språket vårt, det står i styringsdokumenta våre. Diplomet skal opp på veggen i styrerommet, som ei påminning om dette, sa Cicilie Færestrand, HR-leiar i Fjord1.

Ferdamat

Juryen har i år lagt særskild vekt på at Fjord1 er i ein bransje der det ikkje er vanleg med god målbruk.

- Spesielt synest vi at Fjord1 skal vere stolt over «Ferdamat». Det er eit konsept for sunn mat og mat som er lett å ta med seg i bilen - og ikkje minst er det eit mattilbod som bramfritt står fram som nynorsk. Vi vonar Fjord1 vil halde fram å vere eit godt føredøme for andre større aktørar i næringslivet når det gjeld å bruke nynorsk, sa Magne Aasbrenn.

Noregs Mållag har delt ut nynorsk næringslivspris sidan 2006 og årets prisvinnar er den niande i rekkja som får denne heideren.

Fjord1-direktør Dagfinn Neteland kan glede seg over nynorskpris.