Ein sør-helgelending står tiltalt for å hå oppfordra til drap på stortingsrepresentant Hadia Tajik. Det var berre humor, seier han. Alle må vel tåle litt humor. Det er vel slik dei tenker alle som mobbar. Det er jo berre humor. Når ungar og ungdommar blir kalt dei verste ting slik at dei ikkje tørr å gå på skulen. Det er berre humor. Når ”Facebook” og kommentarfelt blir brukt til slenge dritt om offentlege personar. Da er det jo humor. Og vi har da ytringsfridom i landet vårt!

Mannegruppa ”Ottar” har gjort seg landskjent ved å sjikanere kjente og mindre kjente kvinner. ”Det er berre garderopeprat. Mannfolkhumor.” seier dei. Som mann kjenner eg meg ikkje igjen. Er dette verkeleg mannfolkhumor ? Eg må innrømme at eg blir veldig nysgjerrig på kva som får godt vaksne menn til å skrive slikt som denne mannen som står tiltalt i Brønnøy tingrett.

Første tanken var at det handla om rasisme. No må vel Hadia Tajik vere den perfekte ” innvandraren”. Ho snakkar norsk som ein innfødt (noko ho også er), ho bruker ikkje hijab, og ho er til og med skilt (veldig norsk). Tiltalte fortel at han ikkje har noko imot innvandrarar. Vi får tru han på det. At ho stemte for at Norge burde vere republikk, skulle heller ikkje kvalifisere til å bli drept. Det var jo fleire andre stortingsrepresentantar som stemte på samme måte utan å få ein slik trussel.

Eg trur rett og slett dette handlar om kvinneforakt. I verdas mest likestilte land er vi ikkje komen lengre enn at ei dyktig kvinne som er synleg, tar ansvar og seier si meining kan provosere ein del mannfolk til å komme med drapstruslar. Tåler ikkje vi menn at ei kvinne er dyktigare enn oss? Eller er ein del menn så lite flink med ord at dei ikkje klarer å diskutere ei sak? Da er det mindre krevande å ta personen.Og når dei må svare for seg, så kallar dei det for humor!  Hvis dette er humor, så manglar eg det totalt, og det er eg glad for.

Even Borch

Even Borch